Vamp - Syng Vind I Skog lyrics
rate meSyng vind i skog ei visa varm
om alle vandringsmenn på jord.
Djervt va vårt mot den første ferd
og vin og sang fløyt der me fòr.
På ryggen bar me ulik bør
Me sang i nord, me lo i sør.
Ein skar med kniv, ein hogg med sverd.
Ein skøyt med ord.
Syng vind i skog ei visa kvass.
Vidt fòr me om med sultne sinn.
Men veien bar som oftast vill,
og alt va skrift i sand og vind.
Den sæd me ødsla falt på grus
og nærte sjelden armods hus.
Mot kvelden satt me rundt vår ild
med bleike kinn.
Syng vind i skog ei visa mild.
Gress lukke seg om våre fàr.
Ei kjølvannsstripa over hav
glei bort som gåter uten svar.
Syng vind, stryk ut vår skrift i sand.
Du e jo sjøl en vandringsmann.
Men takk for turen, du som gav,
og du som tar.