Odd Nordstoga

Odd Nordstoga - Texas lyrics

rate me

Sit på ein flyplass og dreg i tida. Blæs opp ein tanke i ny og ne.

Rastlaust så hiv eg sekundar til sides og seint blir det forma ein

haug av det.

Ser ned på haugen av tikketakkar, ein haug som det ikkje er

meining i. Ein slik ein finst ikkje i almanakkar, for dette er slett

ikkje avtalt tid.

For om alt blei som avtala var, då ville eg sluppe det her. For om alt

blei som avtala var, då ville eg sitje og roa meg ned og

sagt "Ja takk" til Kaffe og "Nei takk" til te i eit fly som gav full gass

imot Texas.

No hev eg sanneleg tid å miste. Dette er ikkje ei matpause med

pust i bakken og herleg niste med pølse på, og ein kopp med te.

Lener meg bak og med augo blundar. Hev ikkje meir eg kan tenke

på. Eg tikkar i takt med mitt tårn av sekundar, eit tårn som ikkje

kan flyttast på.

For om alt…

Klokkene tikkar for tankar tause og dette er livets reklamepause,

men klokkene rundt om kring, dir byr 'kje på nokon ting…

imot Texas!

Get this song at:  amazon.com  sheetmusicplus.com

Share your thoughts

0 Comments found