Hellbillies

Hellbillies - Lakafant lyrics

rate me

Uppi eit reir der ligg det to egg. Reiret det heng høgt uppi ein hegg.

Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for!

For på ei grein ja der sit det ein gauk. Han vakta på reiret. Ein brunkledd hauk.

Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for!

Og so ein dag i mai, då vart to egg brått te tre.

Gauke-egget låg der, 'kji noko gjera ved!

Gauken han song burti lio eit håst ko-ko.

Sjål om gauken syng fint, sjål om sangen æ bra,

so æ'n no ein slamp, ein ekkel fugle-ramp!

Slik ein lakafant!

Stakkars dei to små fuglad'n blå. Ruge ut gauk det kan ikkji gå!

Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for!

Men so ei nått, som ein nyttårsrakett kom det ein raud og grøn hakkespett.

Hakka so hardt, slik at egget te gauken sprakk.

No vart det fest i heggji, ja no kom det beste fram.

Hakkespetten fekk seg ein orntleg heggji-dram.

Gauken han song burti lio eit håst ko-ko.

Sjål om gauken syng fint, sjål om sangen æ bra,

so æ'n no ein slamp, ein ekkel fugle-ramp!

Slik ein lakafant!

Sol uppi heggji. Gauken ha tapt!

Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for!

Get this song at:  amazon.com  sheetmusicplus.com

Share your thoughts

0 Comments found