Hardingrock - Huldreslatten lyrics
rate meFisk I Grøndal beit ikkje på

Til øyde seter han Nils laut gå

Og sengja seg innom stokke-nov

Med regnet tromma så godt han sov

Men brått han vakna og var I lag

Med folk og kretur I solljos dag

Det lydde bjøllur, lokk og raut

Og anga stulstell og lukt av naut

Ei ven budeie med mjølking stulla

Og ein vidunderleg slått ho tulla

Når inn I bue ho byttar bar

Og sila mjølka I kjel og kar

Det rokk og varde til Nils fekk sjå

At det var huldra han lydde på

Med slått I minnet, åleine att

Han som ein annan tok livet fatt